Anlaug Varhaugvik: Anlaug har hatt sentrale verv som president og sekretær i
klubben, har lagt eit viktig grunnlag for sangen og musikken i klubben, har
hatt mange tillitsverv i fleire viktige lokale og regionale organisasjonar som
Reumatikarforeninga, Pensjonistforbundet, Heida Vel, Trim for eldre, Sterk og
stødig, sjukeheimen si velforening, Runde fyr, for å nemne nokre. Leiar- og
sekretær-oppgåvene i mange av disse organisasjonane har fall naturleg for denne
personen.
Når vi veit at tillegg så er ho triminstruktør, medhjelper i eit privat selskap som organiserer reiser for eldre og funksjonshemma samt at ho er støttekontakt for eldre, så skjønar vi kva for eit sterkt engasjement og innsats ho har lagt ned gjennom fleire ti-år.
Anlaug er den første kvinne i Herøy Rotary si historie som får tildelt utmerkinga Paul Harris Fellow.