Måndag 13. mai var det dugnad på bysta til Gerhard Voldnes ved parken i Fosnavåg og på grava til Sara Margrete Thoresen, kona til prost Hans Conrad Thoresen og mor til Suzanna Thoresen som var gift med Henrik Ibsen. Flott innsats frå dugnadsgjengen.


Måndag 6. mai hadde Herøy Rotary medlemsopptak av Mona Grete Ryssevik og Hans Kristian Opsal ved seremonimeisterane Bjørn-Martin Aasen og Roar Skoglund. Velkommen til dei. Vi hadde også ein jubilant, Per Worren, som nyss feira 75. Han fekk overrakt ein flott blomsterbukett av president Leif Jon Hansen. Deretter hadde Bjørn-Martin Aasen eit foredrag om "Eit liv som doktor i Herøy... og litt til" som tok oss på ei reise i ei fantastisk og innhaldsrikt livshistorie som samtidig var ei utviklingshistorie over den norske velferdsstaten. Utruleg spennande og lærerikt!


Måndag 22.04. fekk Herøy Rotary omvisning på Smådal Mekaniske As. Arild Smådal og Frode Andreassen fortalde om oppstart og framtidsplanar, produksjon og nyvinningar. Medan vi fekk servert karamellpudding, vart der også delt nokre artige anekdoter. Ein interessant og lærerik (og smakfull) kveld hos ei imponerande verksemd.


 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Sanitetshuset - Trekløver
Adresse: Sjukeheimsvegen 3
Postnummer: 6092
Sted: Eggesbønes Fosnavåg
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: All post sendes til:
Herøy Rotaryklubb,
v/President Leif Jon Hansen
adr.: Rabbegjerdet 5B, 6091 Fosnavåg
tlf: 915 67 666
mail: leif.jon@kuldepartner.no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...